Valpekull levert

Då har alle valpane reist. Ei flott tid med å sjå valpar vekse opp å utvikle seg, ei mor som har tatt jobben med verdens største sjølvfølge og ein fødsel som gjekk veldig greitt.

Men også ei tid med mye jobb. Skifte av aviser, fôring av Nipa, lufting, vasking, sosialisering, kos og stell. Men veldig gøy, og eg lurer på kor dei 8 vekene blei av…

No er det berre ein valp att og det er Lytingfjellets Lega. Eg håper ho kan bli som mora på dei fleste områder, eller bedre.

Nipa og Lega på verandaen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *