Lega og resten av kullet fylte 1 år 17. april. Tida går fort for desse små! Lega har hatt den utviklinga som eg likar. Søket har sakte men sikkert blitt større og større og vindbruken meir og meir bevisst. Litt ungdommelig i forhold til mora, men sammen med andre bikkjer er ho rimelig sjølvstending. Siste fjellturen for i år har vi hatt, og den blei avslutta med synsstand, fugl letter og ho var rolig. Da blei det masse ros og godbitar! Vi har starta på lydighetsapport, og ho har fått løpetid. Dessverre blei det lite tid på fjellet i år grunna coronapandemien. Vi får håpe på meir til hausten. Utstilling se det heller ikkje ut til at det blir på ei stund. Vi får håpe på jaktprøver til hausten. Løpetid har Lega fått no, så alt er normalt.