Halsenutens Nipa

Nipa er ikkje mitt oppdrett, men Ingrid M. Bjåen sitt. Mora kjem frå meg, Lytingfjellets Frekka. Etter råd frå Henry Espeseth blei Jutevatnets Birk til Kari og Ivar Ellingsen vald som hannhund. Det var fleire grunnar til dette. Blandt anna blodslinjene,  hundens egenprestasjoner, og ikkje minst en fantasisk flott hund mentalt. Resultatet må en vel seie har vore bra. Det er 4 stk som har 1. AK i kullet alt, og 2 med 1. VK alt.  Frekka hadde fødsel 2. mai, og eg hugsar enno reinsbukken som sprang i snoen samtidig med Frekka hadde riar. Nipa vart fødd på fjellet bokstavleg talt. 

Nipa var tidlig ute med søk og ta stand. Veldig tidlig. På slutten av vinteren melde eg på prøve for at Nipa skulle oppleve prøvemiljøet ( og eg sleppe og dømme). 

Ho lærte fort! 2 fuglearbeid og 1. UK. Nipa var då bare snaue 11 mnd gammal. Neste vinter starte vi 3 gonger. 1. UK på Hovden med 3 fuglearbeid, og så 1. UK på Neseheia.

I AK lykkast vi ikkje første starten. Andre starten var på Skogsfuglprøve i Kvinesdal.  Fuglearbeid på rugde og prima søk og 1. AK var et faktum. 

I VK starta vi først på Hovden I. Vi kom til finalen uten fugl, og lykkast heller ikkje i finalen.  På Hovden II starta vi første dagen på Hemla terrenget. Nipa gikk vidare på søk i kvalifiseringa. I VK semifinale kom vi opp i ein hønsegard av fugl på Hartevasstjønn. Nipa gjorde sine saker bra, 5 fuglearbeid, samt ein sjans og 1. VK semifinale. I finalen bestemte eg meg for å bare gå og kose meg. Fikk kjapt fuglearbeid i første runde, så ein tomstand, så et nytt fuglearbeid. Etter 1. runde var Nipa nr 2 og det var full liste og masse fugl. I 2 runde skulle eg gå mot den som leda. Makker tok føringa i slippet, men så vakna Nipa! Tok 2 store slag opp mot juvet ved Hartevasstjønn og blei vekk. Eg var rimelig sikker på ho stod og spurde om lov til å gå og leita. Joda det stod ho på ein barflekk og 2 fuglar foran ho. Høna letta, men Nipa var paralysert av steggen som satt 2 meter foran ho. Nytt fuglearbeid med reise og når dommarane oppsumerte så fikk Nipa 1. VK Finale.  Du kan lese om finalen her. 

Masse premier etter finaleseier. Hovedpersonen på fanget mitt og oppdrettar og medeigar Inrid M. Bjåen til høgre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *